onsdag 4. januar 2012

GODT NYTT ÅR!!

Skulekorpset er klart for ein spanande vårsesong!

I morgon torsdag 5.januar startar vi med vanlege øvingar for aspirantar, juniorar og hovudkorps.

Som det går fram av kalendaren som vart utdelt på øvinga før jul vert det ei kjekk helg allereie 14. og 15. januar – seminar på Nore Øyane skule (Strøno) - for hovudkorpset og juniorkorpset (!) - med overnatting laurdag til søndag.

Hovudkorpset startar laurdagen kl 10.00 og avsluttar søndag
kl 14.00 (gruppeøvingar laurdag, felles søndag).

Juniorane startar med lunsj laurdag kl 13.00 og avsluttar også søndagen kl 14.00 :-)
I tillegg til spelinga vert det sjølvsagt også mange andre kjekke aktivitetar.

Vi kjem tilbake med fleire detaljar i eigen info, der vi sikkert også kjem til å be om m.a. litt transporthjelp.

ÅRSMØTE
Å få vera med denne flotte gjengen er både kjekt og gjevande, og no vert det ny sjanse for fleire. Vi minnar om ÅRSMØTET torsdag 9. februar. Når valkomiteen tek kontakt håpar vi mange vil stilla med eit ope sinn :-)

Som nemnd i juleinfoen og på kalendaren planlegg vi også tur til sommaren. Nærare info om denne, og evt oppdatert kalendar kjem om ikkje så lenge.

Igjen: Godt nytt år, og ha ein strålande vår!!


Mvh
Styret

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar