torsdag 29. april 2010

Hei alle sammen! Håpe de står på te 17 mai og vise kor flinke me e i Os og Kuventræ Skulekorps. Eg savne dokke heile gjengen og gler meg stort te hausten. Det e vel ikkje nødvendig å sei at de må vara snille med Merete, lika snille som dokke e med meg. Me sjåast snart!
Mvh Haldis

torsdag 22. april 2010

Øving for juniorane fram til 17. mai

Hei!
17. mai er ikkje langt unna, og kva er vel denne dagen utan skikkeleg korpsmusikk.
I år skal Juniorkorpset vera fullt og heilt ein del av hovudkorpset, og då må det øving til.
Dei 3 onsdagane fram til nasjonaldagen skal juniorane difor øva saman med hovudkorpset.
Ein del av øvinga vert inne, deretter er det ut og marsjera.

Øvinga desse onsdagane vert kl 18.00 – 20.00.

HURRA!!

Mvh
Ruth Elin og Ingrid

mandag 12. april 2010

21. APRIL - ENDRA HENTETID ASPIRANTAR (KL.18.15)


Aspirantforeldre


Hei!
I førre veke vart det gjennomført svært vellukka rekrutteringskonsertar på fleire av skulane i Os.
Konsertane blir følgd opp med at borna som har lyst til å begynna i skulekorpset er inviterte til informasjonssamling på Kuventræ skule neste onsdag, 21. april, kl 18.00.
Her vil dei få aktuell og nyttig informasjon om det å spela i korps, og dei får også prøva å laga lyd i dei ulike instrumenttypane.
Som tidlegare år blir denne samlinga opna med ein liten inspirasjonskonsert. Vanlegvis er det hovudkorpset som står for desse konsertane, men sidan vi i år har uvanleg flinke aspirantar og juniorar har vi lyst at dei aller yngste skal stå for inspirasjonen denne gongen, og samtidig visa kor langt ein kan koma på kort tid.
Aspirantane og juniorane kjem difor til å halda ein 15 minuttars konsert kl 18.00, og hentetida for aspirantane vert difor kl 18.15.

(for juniorane gjeld vanleg tid)

Beste helsing
frå skulekorpset

Karl Ole