tirsdag 19. oktober 2010

JUNIORAR OG ASPIRANTAR - AKTIVITETSKVELD

Fredag 22.10. ynskjer vi å laga til ekstra koseleg aktivitetssamling for aspirantane og juniorane. Det vert ulike aktivitetar, og de må gjerna ta med brettspel, terningspel eller liknande.Vi er sikker på at dette kan verta kjekt og sveisa musikantane saman på ein god måte. Her blir det tid til prat og mykje latter. Det blir sjølvsagt også hotdog, frukt og saft.
Gje oss ei melding dersom musikanten ikkje kan delta fredag.

Laurdag skal hovudkorpset delta i konkurranse ved Mangerfestivalen 2010. Fredag legg dei derfor siste hand på musikkstykka med ekstraøving kl 18.00 – 20.00.
Kvelden vert avslutta med at vi høyrer på hovudkorpset sin generalprøve kl 20.00-2015.
Til denne ”hentekonserten” er også føresette hjarteleg velkomne!


Beste helsingStyret og korpsleiarar
"Skli-fotball"
OKS i Danmark 2009
KJEMPEGØY

M A N G E R – F E S T I V A L E N 2010

Fredag 22.10. : Ekstraøving for hovudkorpset kl 18.00 – 20.00
Kosekveld for aspirantar og juniorar (ta med brettspel e.l.!!)
Alle er velkomne til hentekonsert /generalprøve : kl. 20.00


Laurdag 23.10. : Avreise Kuventræ (parkeringsplass, Osbadet) kl. 0830, frammøte 0815
Bussen er tilbake på Kuventræ om kvelden, ca kl 1930.

Hovudkorpset skal konkurrera i Radøyhallen, med utpakking og oppvarming på Manger ungdomsskule like ved hallen. Korpset har oppvarming kl. 1025 og skal konkurrera kl 10.55. (Korpsa blir henta frå klasserommet til oppvarmingsrom, og deretter til Radøyhallen for konkurranse). Etter konkurransen blir det ein matbit for hovudkorpset, før vi går inn og høyrer på konkurrentane. Obs; ta med ein yoghurt, frukt eller liknande for påfyll undervegs!!
Vi samlast til pizza kl. 1430.

Juniorane skal ha seminar saman med 95 unge musikantar frå andre korps i Hordaland.
Dette foregår på Manger folkehøgskule, frammøte kl 10.00. Samlinga varer til kl. 14.30. Juniorane får fleire pausar, deriblant ein matpause med frukostbrød , frukt og saft (gratis!).
Minst 2 korpsleiarar for juniorane skal vera til stades på den skulen der aspirantane skal ha samlinga, men treng elles ikkje gjere så mykje anna enn å vera til stades som eit kjent ansikt for borna i pausane og ha ansvaret for desse. Folkehøgskulen tar seg av alt det tekniske. Kanskje greitt å ta med ei avis eller ei god bok. Etter samlinga et vi pizza ilag.
Kl 15.00 viser dei kino for juniorane i kjellarsalen i Rådhuset.
Juniorane skal også spela på festkonserten i Radøyhallen kl. 1700.

Obs: Staben har ansvar for aktivitetar for hovudkorpset!!

Festkonsert med premieutdeling startar kl 17.00.


Dersom nokon av foreldra reiser ut til festkonserten og tar med musikantar heim er det viktig at ein av korpsleiarane får beskjed om dette. Bussen kan ikkje køyra heim utan vi har full oversikt over dei som skal vera med.

Uniform: Alle skal ha på seg svart bukse (evt. skjørt), svarte sko/sokkar +
Juniorar : Raud uniformsgenser / Hovudkorps : Svart skjorte og kvit sløyfe

Lommepengar: Det kan vera lurt å ha med litt lommepengar til kafeteriaen på Manger ungdomsskule. Beløp: kr 50. (Tips - ta med ei flaske vatn eller anna drikke)

Eigendel: Alle må ha med seg kr 50,- som er eigendel for bussturen.


Kontakt for juniorar : Marit(tlf. 99620346) / Ståle (tlf. 90734271)
Kontakt for hovudk : Siri (tlf. 90620071) / Paul (tlf. 99306903)


Styret ynskjer alle LUKKE TIL !