torsdag 17. november 2011

Show med skulekorpset i Oseana

Hei!
Heidundrande show med skulekorpset i Oseana nærmar seg - og vi startar innspurten!
Her kjem øvingsplanen fram til showet. Det er mange ulike grupper og kombinasjonar av grupper som skal øva, og vi har berre akkurat nok øvingstid. Det er difor viktig at alle møter, og at vi alltid er ute i god tid, slik at øvingane vert så effektive som mogeleg.

Vi satsar på at vi alle er flinke til marknadsføra showet, og at musikantane "står på" når det gjeld billettsalet. Vi har fått spørsmål om musikantane sjølv må ha billett. Det treng dei ikkje!!
Innspurten ser slik ut:


Torsdag 17 november
kl 1800-1900 Alle; Hovudkorps (HK), Aspirantar (AK) og Juniorkorps (JK)
(Olsenbanden og The Bare Neccessitites)
kl 1915-2000 Hovudkorps; For those about to Rock, Iron Man - med rockeband

Torsdag 24 november øving i storsalen (obs)
kl 1800-1900 Hovudkorps - med dansarar
kl 1900-2000 Hovudkorps

Så - sjølve showhelga:

Lørdag 26 november
kl 1000-1200 Hovudkorps
kl 1200-1300 Hovudkorps - med band
kl 1300 lunsj – JK og AK må gjerne koma og vera med på den
kl 1400 Alle; Hovudkorps (HK), Aspirantar (AK) og Juniorkorps (JK)
Ferdig ca 15.15

Søndag 27 november
Kl 1300 Hovudkorps
Kl 1400 Hovudkorps med dansarar
Kl 1430 Hovudkorps med band
Kl 1530 lydsjekk - Alle; Hovudkorps (HK), Aspirantar (AK) og Juniorkorps (JK)
Kl 1700 - Show!!!...

….forhåpentleg for full Oseanasal J

Oppmøte til øving; minst 15 minutt før øvingsstart.


Dette blir moro!!!
Hjarteleg velkomen - til føresette, besto, besten, søster, bror, tante, onkel, fetter, kusine, gode vener, halvgode vener, fjern og nær…..ALLE!
 
Mvh
styret

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar