tirsdag 6. mars 2012

Helga 16. – 18. mars HORDABLÆSTEN 2012….++

Hei!
Helga 16. – 18. mars vert ei aldri så lita korpshelg. Nokon får det litt meir travelt enn andre.

Hovudkorpset skal vera med i Hordablæsten i Per Gyntsalen i Grieghallen laurdag 17. mars. Korpset skal på scenen kl 09.20.
For å få tid til utpakking og skikkeleg oppvarming reiser vi frå parkeringsplassen ved Osbadet kl 07.30 (privatbilar).

Dersom nokon av juniorane vil vera med og høyra på er dei hjarteleg velkomne til dette. Gje i så fall melding om dette til Ruth Elin ( 91616996), seinast på øvinga 15.3.

I tillegg til å heia på korpset vårt (og andre korps) kan dei vera med på å heia fram mange av musikantane våre som også skal vera med på solistkonkurranse.

http://ebml.no/ kan du finna ut kven som skal spela, kor og kor tid.

ØVING og HENTEKONSERT 15.3 (utvida øving for hovudkorps, vanlig øving for aspirantar og juniorar))
HORDABLÆSTEN 16. og 17.3 (hovudkorps)
KONSERT LYSEFJORDEN 18.3 (aspiranter, juniorer og hovudkorps)

ØVINGA 15. MARS - obs: kl 17.OO – 20.00 (Hovedkorps)
Øvinga 15. mars vert siste øving og generalprøve før Hordablæsten. .
Altså; speleklare kl 17
Juniorar og aspirantar har vanleg øving

HENTEKONSERT same kvelden
Vi inviterer alle foreldre/besteforeldre/søsken til hentekonsert kl. 19.00 same kvelden
Her får vi høyra mange av dei som skal i elden til helga, både hovudkorpset, mange solistar og ensembler.

HORDABLÆSTEN laurdag 17. mars:
Hordablæsten er eit stort årleg arrangement i Grieghallen, der mange skulekorps, og endå fleire ensembler og solistar deltek. Os & Kuventræ Skulekorps skal også i år delta i 3. divisjon. OKS skal tidleg på scena i Per Gynt-salen denne laurdagen, og det hadde vore kjekt med ein stor heiagjeng i salen. Billett kan kjøpast ved inngang.

Transport
Det vert køyring i privatbilar, og vi ber dei som kan køyra ta kontakt med
Karl Ole på telefon/sms 90 14 16 11 eller (aller helst) e-post: karlole@broadpark.no
Fint om vi får veta kor mange det er plass til i bilen. Fint om vi kan få tilbakemelding før siste øvinga

Vi møter på parkeringsplassen ved Osbadet kl. 07.30

HUGS UNIFORM (Svart skjorte, svart bukse (evt skjørt), svarte sko og svarte sokkar, kvit sløyfe), instrument, notar og anna utstyr.

Heiagjeng
Det er også kjekt å høyra på dei andre korpsa som deltar, og ikkje minst: det er kjempekjekt for solistane og dei andre gruppene våre med skikkeleg heiagjeng.
I år har vi svært mange med.

Festkonsert
Festkonserten (med premieutdeling) startar først kl. 19.00, og retur til Os blir derfor ca. kl. 2130.
Dette vert altså ein lang dag, og vi forstår om ikkje alle vil bli i Grieghallen heilt fram til festkonserten. Vi ber derfor om at alle musikantar melder ifrå torsdag 15.3 om dei skal heim etter konkurransen eller om dei blir med oss heile dagen.

Alle må ta med ein stor, god matpakke og litt kioskpengar (maks kr. 50).

For deg som skal høyra på: ver ute i god tid slik at du finn fram til rett sal til rett tid!

KONSERT SØNDAG 18.3
Vi avsluttar musikkhelga med konsert saman med Lyshornet Brass på skulen i Lysefjorden søndag 18.3 kl. 17.00 – direkte oppmøte på skulen kl 16.15.
Her vert heile gjengen med – aspirantar, juniorar og hovudkorps
Til denne konserten satsar vi på at føresette kan syta for transporten (evt saman med andre). Det vert ein flott konsert.
Dersom nokon får problem med transport; gje ein lyd!!

Vil du veta meir om Hordablæsten, sjå http://ebml.no/

(Evt. ny informasjon vert lagt på bloggen og delt ut 16.3)

VI YNSKJER MUSIKANTANE LUKKE TIL, og seier VEL MØTT i


Helsing
styret

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar