lørdag 27. juni 2009

Dag 3- Lørdag - i Lalandia




Idag har vi spelt konsertar. Først på torget i Nykøbing og deretter inne på senteret her på Lalandia. I tillegg til heile korpset spelte og ensemblene. Låtane var mellom anna: King of the road, Pink Panter, I Dovregubbens Hall, Abba-låtar, Sir Duke, Gammel Jegermarsj. Med andre ord, -eit skikkeleg variert repertoir. Deretter: SHOPPING!!


Ellers har vi slappa av og ete pizza! En super dag med supre ungdommar!Stavekontroller

fredag 26. juni 2009

Dag 2 i Lalandia




























Dette har vært nok ein super dag på tur! Vi starta dagen med frokost på ein av restaurantane her på anlegget. Deretter var det bading og og vannsklier både for små og store. Veret er kjempebra. Strålande sol, og like varmt som heime på Os. Til lunch dekka vi langbord ute, og Sigvard og Ståle viste fram nye og til no ukjente kunstar på kjøkenet. Etter maten var det tid for øving til konsertane i morgon. Dagen vart avslutta med 'såpefotball' ute på plenen. Dette blei ein kjempesuksess, der det vart framvist både finslepen teknikk og stor kreativitet. Mellom anna utvida Sigvard begrepet 'sklitakling' ein smule (sjå nedste bilete).

torsdag 25. juni 2009





















Då er vi på plass i Lalandia. Her er det mykje å ta seg til, og fleire har allerede vært ein runde i badeland pluss opptil fleire rundar på karaoke-scena. Jone gjekk solo med ein skikkelig AC/DC låt til stor jubel i salen! Turen nedover gjekk veldig fint. Natt til torsdag overnatta vi i Dronninglund heilt nord på Sjælland. Etter frokost gjekk turen sørover via Odense, Langeland og til slutt ferge over til Lolland og Rødby der vi var framme ca. kl. fire. Det regna faktisk litt akkurat når vi bar inn bagasjen, men no har det klarna opp og det er meldt flott vær i morgon.

tirsdag 2. juni 2009

Bilder frå 17. mai, fotograf: Jan Petter Svendal












SOMMARAVSLUTNING 17.6.2009


Onsdag 17. juni vert det sommaravslutning for aspirantar+hovedkorps i saman. Vi skal vera i det gule bygget på skulen frå 18:00 - 20:00.

Vi speler for kvarandre og har litt kjekke aktivitetar. Noko godt å ete vert det også så det einaste alle må ta med er INSTRUMENT, NOTAR og STRÅLANDE HUMØR!!
Frå 20:00-20:30 blir det eit kort orienteringsmøte for musikantar som skal vera med på Danmarksturen.

(ingen uniform denne kvelden)