søndag 28. februar 2010

HENTEKONSERT 10.3 og HORDABLÆSTEN fredag 12.3 og laurdag 13.3

ØVINGA 10. MARS
Øvinga 10. mars vert den siste før Hordablæsten.
Veka før er det vinterferie, men vi er sikre på at også den vert brukt til flittig øving…i hytter og hus. Ta instrumentet med!!
Juniorer: kl 18.00 – 20.00
Hovedkorps: kl 17.30 - 20.00

Vi inviterer alle foreldre/besteforeldre/søsken til hentekonsert kl. 1930. Her får vi høyra både Juniorkorpset, hovudkorpset, solist og ensembler.

HORDABLÆSTEN fredag 12. mars og laurdag 13. mars:
Hordablæsten er eit stort årleg arrangement i Grieghallen, der mange skulekorps, og endå fleire ensembler og solistar deltek.

Fredag 12.mars
Informasjon til Juniorane,

Juniorkorpset vårt deltek i juniorklassen. Gjengen skal på scenen kl 19.20 om fredagen, og det hadde vore kjekt med ein stor heiagjeng i salen. Billett kan kjøpast i Grieghallen.

Transport
Det vert køyring i privatbilar, og vi ber dei som kan køyra ta kontakt med
Ruth Elin Midtbø på telefon/sms 91 61 69 96 eller e-post: ruthem@broadpark.no
Fint om vi får veta kor mange det er plass til i bilen.

Vi møter på Kuventræ Skule kl. 17.00
Det er parkeringshus under Grieghallen, men vi må vera ute i godt tid i fall dette er fullt.

HUGS UNIFORM (Dvs: svart bukse (evt skjørt), svarte sko og svarte sokkar og den raude korpsgensaren), instrument og notar.

Det er også kjekt å høyra på dei andre korpsa som deltar, og ikkje minst: det er kjempekjekt for solisten vår, dei andre gruppene våre og hovudkorpset med skikkeleg heiagjeng. Eirin, treblåsgruppa og Juniorane spelar fredagen, Hovudkorpset og messinggruppa om laurdagen. Kjekt om juniorane også vil vera med og heia laurdagen. I så fall: gje beskjed på siste øvinga.

Om laurdagen er det festkonsert, men denne startar først kl. 1930, og retur til Os blir derfor ca. kl. 2200. Dei av juniorane som vil vera med på konserten kan melda seg på på øvinga 10.3.

På fredagen kan det vera lurt å ha med seg ein god matpakke og bittelitt kioskpengar.

Laurdag 13. mars
Informasjon til hovedkorpset

Os & Kuventræ Skulekorps skal i år delta i 3. divisjon saman med 10 andre korps. OKS skal tidleg på scena denne laurdagen, og det hadde vore kjekt med ein stor heiagjeng i salen. Billett kan kjøpast i Grieghallen.

Transport
Det vert køyring i privatbilar, og vi ber dei som kan køyra ta kontakt med
Karl Ole Midtbø på telefon/sms 90 14 16 11 eller e-post: karlole@broadpark.no
Fint om vi får veta kor mange det er plass til i bilen.

Vi møter på Kuventræ Skule kl. 09.00

HUGS UNIFORM
(Svart skjorte, svart bukse (evt skjørt), svarte sko og svarte sokkar, kvit sløyfe), instrument, notar og anna utstyr.

Heiagjeng
Det er også kjekt å høyra på dei andre korpsa som deltar, og ikkje minst: det er kjempekjekt for solisten vår og dei andre gruppene våre med skikkeleg heiagjeng.
Eirin, treblåsgruppa og Juniorane spelar fredagen, Hovudkorpset og messinggruppa om laurdagen.

Festkonserten (med premieutdeling) startar først kl. 1930, og retur til Os blir derfor ca. kl. 2200.
Dette vert altså ein lang dag, og vi forstår om ikkje alle vil bli i Grieghallen heilt fram til festkonserten. Vi ber derfor om at alle musikantar melder ifrå på onsdag om dei skal heim etter konkurransen eller om dei blir med oss heile dagen.

Alle må ta med ein stor, god matpakke og litt kioskpengar (maks kr. 50).

Informajon til alle
Musikantane våre skal i elden til desse tidene:

Fredag 12.3
kl. 17.10 i St. Paul skole; Eirin Austevoll - deltek som solist
kl. 19.00 i Troldtog (Grieghallen: Treblås-gruppa (ensembleklasse 3)
kl. 19.20 i Peer Gynt-salen (Grieghallen): Juniorkorpset

Laurdag 13.3:
Kl. 11.20 i Per Gynt-salen (Grieghallen): Hovudkorpset
Kl. 13.00 i Klokkeklang (Grieghallen): Messinggruppa (ensembleklasse 4)

For deg som skal høyra på: ver ute i god tid slik at du finn fram til rett sal til rett tid!

Kanskje det er fleire som vil til by’n for å heia? Gje beskjed onsdag 10.3!