mandag 17. oktober 2011

M A N G E R – F E S T I V A L E N 2011

HOVUDKORPSET:
Fredag 21.10. : Ekstraøving for hovudkorpset, Vargasalen (Oseana) kl 17.30 – 20.30
Alle er velkomne til hentekonsert/generalprøve: kl. 20.00

Laurdag 22.10. : Avreise Kuventræ (parkeringa, Osbadet) kl. 11.30, frammøte 11.15
Bussen er tilbake ved Osbadet om kvelden, ca kl 19.30.

Hovudkorpset skal konkurrera i Radøyhallen, med utpakking og oppvarming på Manger ungdomsskule like ved hallen. Korpset har oppvarming kl. 13.40 og skal konkurrera kl 14.10. (Korpsa blir henta frå klasserommet til oppvarmingsrom, og deretter til Radøyhallen for konkurranse). Etter konkurransen blir det pizza. Obs; ta med ein yoghurt, frukt eller liknande for påfyll undervegs!! .

JUNIORAR:
Vanleg øving torsdag 20.10. Ikkje ekstraøving fredag.

Laurdag 22.10: Avreise Kuventræ (parkeringa, Osbadet) kl. 08.30, frammøte 08.15
Juniorane reiser heim på bussen saman med hovudkorpset etter festkonserten. Bussen er ved Osbadet om kvelden, ca kl 19.30.

Juniorane skal ha seminar saman med 120 musikantar frå andre korps i Hordaland. Dette foregår på Manger folkehøgskule, oppmøte kl 10.00. Samlinga varer til kl. 14.00. Det vert fleire pausar, deriblant ein matpause med frukostbrød og saft.
Minst 2 korpsleiarar for juniorane skal vera til stades på skulen der juniorane skal ha samlinga, men treng elles ikkje gjere så mykje anna enn å vera til stades som eit kjent ansikt for borna i pausane og ha ansvaret for desse. Folkehøgskulen tar seg av alt det tekniske. For dei vaksne som vert med kan det kanskje vera greitt å ta med ei avis eller ei god bok.
Etter samlinga, kl 14.30, er det kino for juniorane i kjellarsalen i Rådhuset. Etter kinoen, og før festkonserten, vert det pizza for både juniorar og hovudkorps.

Juniorane skal også spela på festkonserten i Radøyhallen kl. 1700 (OBS!!)

Obs: Staben har ansvar for aktivitetar for hovudkorpset!!

Festkonserten med premieutdeling startar kl 17.00.

Dersom nokon av foreldra reiser ut til festkonserten og tar med musikantar heim er det viktig at ein av korpsleiarane får beskjed om dette. Bussen kan ikkje køyra heim utan vi har full oversikt over dei som skal vera med.

Uniform: Alle skal ha på seg svart bukse (evt. skjørt), svarte sko/sokkar og raud uniformsgenser (Juniorar) / svart skjorte og sløyfe (HK).

Lommepengar: Det kan vera lurt å ha med litt lommepengar til kafeteriaen på Manger ungdomsskule. Beløp: kr 50. (Tips - ta med ei flaske vatn eller anna drikke)

Eigendel: Alle må ha med seg kr 50,- som er eigendel for bussturen.

Kontakt for juniorar : Kjem tilbake til dette når vi veit kven vaksne som har tenkt seg utover.
Kontakt for hovudk : Siri (tlf. 90620071) / Ruth Elin (tlf. 91616996)

Styret ynskjer alle LUKKE TIL !

1 kommentar:

  1. Lykke til!
    Håper det blir en kjempebra tur, og at julebrusen drikkes og snopet spises etter at korpset har vert på scenen ;) Haha!

    SvarSlett