tirsdag 19. oktober 2010

JUNIORAR OG ASPIRANTAR - AKTIVITETSKVELD

Fredag 22.10. ynskjer vi å laga til ekstra koseleg aktivitetssamling for aspirantane og juniorane. Det vert ulike aktivitetar, og de må gjerna ta med brettspel, terningspel eller liknande.Vi er sikker på at dette kan verta kjekt og sveisa musikantane saman på ein god måte. Her blir det tid til prat og mykje latter. Det blir sjølvsagt også hotdog, frukt og saft.
Gje oss ei melding dersom musikanten ikkje kan delta fredag.

Laurdag skal hovudkorpset delta i konkurranse ved Mangerfestivalen 2010. Fredag legg dei derfor siste hand på musikkstykka med ekstraøving kl 18.00 – 20.00.
Kvelden vert avslutta med at vi høyrer på hovudkorpset sin generalprøve kl 20.00-2015.
Til denne ”hentekonserten” er også føresette hjarteleg velkomne!


Beste helsingStyret og korpsleiarar
"Skli-fotball"
OKS i Danmark 2009
KJEMPEGØY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar