tirsdag 1. juni 2010

Sommar og Sol!!! (kanskje)

Uansett: tid for korpsferie

Skulekorpset går no mot avslutning av ein utruleg innhaldsrik sesong, der alle musikantane har gjort ein kjempeinnsats!!!

Siste øvinga før ferien vert onsdag 9. juni,

Opplegget denne kvelden vert litt spesielt. Det vert ikkje vanleg øving, men mykje anna kjekt.

Planen for avslutninga ser slik ut (obs. tidspunkt):

Aspirantane møter kl. 17.30
Juniorar og hovudkorpset møter kl. 17.45

Kl 18.00 har vi konsert der korpsa spelar for kvarandre, deretter:

Is, saft og kaker, leik og konkurransar (og premiar!!)

Haldis kjem for å fortelja kor mykje ho gler seg til hausten. Og det håpar vi sjølvsagt at også at alle musikantane gjer!
Det heile er ferdig (henting) sånn ca. 19.30

Beste helsing
Styret

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar